• Gull, gråstein og grums 1

Gull, gråstein og grums 1

Omstridde gruver

av Svein Lund

  • Varenr.: 9788273745347
  • Tilgjengelighet: 217

  • Kr.250,-
  • Eks. mva: Kr.250,-



Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid

Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med første bind. Det tar for seg dei gruvene
og gruveplanane i Noreg som har vore mest omstridde.

Vi startar i Guovdageaidnu på Finnmarksvidda med historia om koppar- og gullgruve i Biedjovággi, frå reindriftssamar fann kopparhaldige steinar, gjennom kortvarig drift og fram til kommunestyret i 2013 sa nei til å starte opp igjen.

I Kvalsund blei det først på 1900-talet sett igang ei rekke koppargruver. Sidan har det vore drift i fleire periodar, og no blir den største koppargruva i norsk historie planlagt her. Planen har møtt motstand, både mot deponering av avgangen i Repparfjorden og fordi reindrifta vil bli ramma.

I Sør-Varanger blei det starta jernmalmgruve i 1906. Heile tida har omlag halvparten av malmen enda som avgang til Langfjorden og Bøkfjorden. Etter gjenoppstarten av gruva har det særlig vore fokus på dei kjemikalia som følgjer avgangen.

I Sokndal i Rogaland har Titania AS drive uttak av ilmenitt sidan 1916. Avgangen har gått til Jøssingfjorden og Dyngadjupet, fram til deponeringa blei flytta på land, som resultat av langvarige miljøaksjonar.

I Naustdal i Sogn og Fjordane har regjeringa i april 2015 gitt godkjenning for rutilgruve med dumping av omlag 300 millionar tonn avgang til Førdefjorden. Det er stor motstand og kampen er ikkje over.


For kvar av gruvene ser vi på kva alternativ som finst framover, og om det er mogleg å drive gruve på ein mindre miljøskadelig måte.

I seinare bind i denne serien vil vi sjå på fleire gruver og på utvinningsmetodar, miljøverknadar, lovverket, forvaltninga og aktørane i mineralutvinninga og debatten rundt denne.

Detaljer
Utgitt 2015-06
Serie Gull, gråstein og grums
Undertittel Omstridde gruver
Forfatter Svein Lund
Målgruppe Voksne
Språk Nynorsk
Antall sider 208
Innbinding Myke permer
Vekt 403 g.
ISBN 978-82-7374-534-7
Forlag Davvi Girji

Skriv produktomtale

Du må logge inn eller registrere deg for å kunne skrive omtale.